Nytt medlem i SUB?
Skal du på ditt fyrste klubbdykk i SUB? Eller lurer du på kva som kan vere lurt å pakke i sekken når du skal vere med på klubbdykk? Her er er lita sjekk- liste:
- ABC- utstyr (maske og symjeføter).
- Varme klede. Draktene vi lånar ut i SUB er av typen skalldraket, ei tynn drakt med lite isoleringseigenskapar. Vi annbefalar å bruke ein vams under desse draktene, men det går fint med superundertøy eller ullundertøy også. 2-3 lag med undertøy er greit å ha, avhengig av temperatur i vatnet. Tenkt at det er alltid greiare å ha eit lag for mykje, enn eit for lite!
- Ekstra skift. Det kan hende ein vert våt under eit dykk, då er det ekstra kjekt å ha med seg tørre byteklede!
- Mat og (varm) drikke. Det er alltid godt med påfyll av energi etter eit dykk
- Medlemskort
- Varme ytterklede, gode sko, hue, vottar og skjerf. Etter endt dykk vert ein ofte kjølig, og turane går ofte til trekkfulle plassar.
- Og ikkje minds: mykje godt humør!
Hugs på at på alle klubbdykka er det med erfarne dykkeleiarar. Dei er med for å hjelpe til og svare på alle spørsmåla ein måtte lure på!